Posten 350 år!

På fredag 17. januar feira posten sitt 350-årsjubileum.

Fredag 17. januar var det Postens bursdag, og det vart feira, over heile landet. Stord postkontor diska opp med kaffi og kvit dame med postemblem og stempel. Ikkje slå å skjøna at kaka gjekk gjennom stemplingsmaskinen, det var konditoren som hadde synt kunstene sine.

– Nydeleg kaffi og kake, kom det samstemmig frå ei av sitjegruppene i ekspedisjonslokalet på Stor postkontor, der me fann Solveig og Otto Horneland, Agnes Kyvik, Evy Johnsen og Ingebjørg Tverdal.

Og rundt gjekk postsjef Leif Sigurd Larsen og smilte og var vel nøgd. Han slo fast at det var eut tiltak publikum sette pris på og er lette å be.

– Me har alt hatt vitjing av Sæhagen barnehage som har sunge bursdagssongen for oss.

Her kan du sjå utstillinga med gamle postkort og stempel frå Stord og distriktet. Den har me fått låna hjå Jan Ingge Ottesen og skal stå eit par veker framover seier Larsen. På postkorta er motiv som er til deks ukjente. Fredag ettermiddag var toradarklubben på vitjing. Han fortel at i høve jubileet set Posten fokus på utvikling som har vore desse 350 åra, at Posten har spelt ei viktig samfunnsrolle, og gjer det i dag og om enn med anna rolle enn tidlegare. Han meiner Posten vil ha ei viktig rolle også i framtida der posten er i utvikling og tilpassar seg dei nye krava som Internett, der det alt er inne tilbod. Posten arbeidar tettare med bankane om elektroniske tenester.

Back to Top