På torsdag i førre veke fall det ei kinesisk saks ut av ermet på ei jakke. Odd Gunnar Larsen var det som fann saksa i jakkeermet.
På torsdag i førre veke fekk Trygve Dahl inn pakker med jakker frå Bergen. Då Odd Gunnar Larsen pakka opp jakkene, fall ei saks ut av ermet på ei av jakkene.
Saksa kom frå Kina, og den såg ut som ei miniatyr sauesaks. Den som mista saksa mista sikkert jobben frå der eller ho jobba. På saksa var det to tau.
– Den vafr veldig god, sa han då han hadde prøvd den på papir. – Det sa berre «svupp!» så var den ferdig med å klippe papiret i to.
Det var veldig rart at ei saks frå Kina kom til Noreg i ermet på ei jakke. Den vafr veldig lita i forhold til ei vanleg sysaks, den var 10 cm lang og ei sysaks er 20 cm lang.
One thought on “Kinesisk saks fall ut av jakke”
Comments are closed.