Kva skal kaien heite?

I 2013 utlyste Kværner på Stord ein namnekonkurranse for deira nye kran som fekk namnet «Storen». No er det den nye kaien sin tur å få eit namn.

Kværner beslutta i 2018 å investera 370 millionar kroner i ei omfattande oppgradering av verftet på Stord, for å styrka selskapet si konkurransekraft og gjere verftet meir fleksibelt for ulike typar flytande prosjekt innan både olje og gass og fornybart. Oppgraderinga inkluderar ein 266 meter ny djupvasskai, 17 000 kvadratmeter nytt produksjonsareal, ny kaipir og forlenging av skinnegangen til verftet si store traverskran, kan ein lese på kampanjesida deira.

Statsminister Erna Solberg la ned grunnsteinen på den nye kaien i samband med verftet sitt 100-årsjubileum i 2019. No er arbeidet med både kai og kaipir snart ferdigstilt, men manglar eit namn. No inviterer difor Kværner tilsette og lokalsamfunn til å senda inn sitt namneforslag, både til sjølve kaien og den nye kaipiren.

Send inn ditt forslag på nettstaden kvaskalkaienheite.no innan 23. august.