Ein ny lokal vri på helgekosen

Ein ny lokal vri på helgekosen

Me kan vel alle vere samde om at det kriblar i våre sosiale celler rundt om i de tusen heimar. Lokale heltar stiller digitalt opp!

Internasjonale arrangement har verkeleg fått eit skot for baugen i desse tider. Dette gjeld òg lokalt. Kanskje du håpa på at denne helga igjen skulle bringe yrande uteliv? Det var jo lite sannsynleg, men i dag kunne Regjeringa melde om nye veker der befolkninga i Noreg skal halde seg så mykje heime som mogeleg. Nedstenginga av Noreg held difor fram til over påske, nærmare bestemt 13. april.

Quiz og konsert

Men, fortvil ikkje. Det positive er at det stadig dukkar opp kreative måtar å underhalde eit publikum, utan å ha det i mengdevis foran scenar og på tribunar. Lokalt har du denne helga i alle fall to kjente «fjes» i utelivet her på øya som dreg i gong heildigitale hendingar.

På torsdag 26. mars skal gjengen bak den tradisjonelle torsdagsquizen på Frugård køyre ein Kahoot!-basert utgåve via Facebook. Slik kan alle som vil delta via sofaen heime i stova. Premier då? Joda, det blir det her også!

Meld di interesse her — og lykke til!

Førstemann ut i Sunnhordland Sessions: Endre Olsen.

Frå eit anna hjørne av Vikjo, skal Endre Olsen entre scena på Osvald Pub fredag kveld, som førstemann ut i Sunnhordland Sessions. Då det er forbod mot konsertar med publikum tilstades, vert dette streama live ut til publikumet i heimane. Denne konserten er den første av fleire frå Mediehuset Sunnhordland basert på dette konseptet.

Finn fram godstemninga, skru opp volumet og gjer deg klar via Facebook her!

Ta vare på kvarandre, vask henda og god helg — når den tid kjem!

Back to Top