Grunna prosjekt i området vert vegen stengd i to veker.
Stord kommune opplyser i dag på nettstaden deira at vegen mellom kryss Kårevikvegen/Hornelandsvegen og kryss inn til Utbygdo grendahus vert stengt frå og med neste veke. Dette skjer i samband med pågåande prosjekt i Langelandsstølen og Kårevikvegen, og arbeidet vil ta til måndag 7. januar og vil vare i om lag to veker. Vegen vert berre ppen for utrykningskjøretøy og busstrafikk.
Omkøyring vil vere via Hornelandsvegen mot Olderdalen/Heiane. Denne vegen har 30 km/t og trass i manglande fortau på deler av strekninga, er det likevel ein del born som nyttar denne som skuleveg. Bjella Tidende oppmodar bilistar om å vise hensyn og køyre forsiktig både i og etter arbeidsperioden.