I dag tidleg tikka det inn ei gladmelding frå leiar i Stord Røde Kors om at det også i år vert ein peparkakeby å besøke!
– No har me starta arbeidet med å lage til Peparkakebyen på Leirvik for 14. år på rad, opnar leiar i Stord Røde Kors Anne Kvalheim.
Dei opnar dørene allereie 17. november kl 12 i Borggata 7 (der Sport1/bruktbutikken har vore). Det vil som alltid vere bidrag frå barnehagar og skular, men dei vil gjerne ha bidrag frå kvarmannsen. Du kan anten bidra åleine, eller samle venner og/eller familie for å skape eit koseleg førjulsminne for dei besøkande.
Avtal levering til:
Anne på mobil 951 08 884 eller Inger Marit på mobil 996 29 238.
– Me gler oss til å sjå dykk i peparkakebyen!, avsluttar ho med hjarteleg helsing frå gjengen i Stord Røde Kors Barnehjelp.