Ordførar Harry Herstad er død

Ordførar Harry Herstad er død

Stord sin ordførar, Harry Herstad, døydde i dag på Haukeland sykehus.

Stord sin ordførar, Harry Herstad, døydde i dag på Haukeland sykehus. Stord kommune melder om hans bortgang i ei pressemelding på sine nettsider:

Det er med stor sorg me melder at ordførar Harry Herstad gjekk bort rundt klokka 12 i dag tysdag 2. mai.

Harry Herstad døydde etter kort tids sjukeleie. Han vart sist fredag vart innlagt på sjukehus etter eit illebefinnande. Harry døydde med den næraste familien rundt seg.

Våre tankar går til familien. Familien ber om ro og ønskjer ikkje å kommentera Harry sin bortgang.

Alle politiske møte i Stord kommune denne veka vert avlyste.

Back to Top