Veke 48.
Johanne vart tunghøyrt og skulle til Rikshospitalet for å ta ein operasjon.
I kveldinga dagen før ho skulle reise, kom nabokona på besøk og ville ønskje henne vel avgarde. Då ho skulle gå, seier ho:
– Du må no ta vårherre med deg Johanne.
– Nei, det kan eg ikkje, for eg får berre for meg sjølv på trygdekassa.