Sist med det fyrste sidan 1996

Sist med det fyrste sidan 1996

Avisa Bjella Tidende vart skipa i 1996 av Espen M. Kvalheim og hadde i startfasa kontor på eit mørkeloft på Bjelland, på sommarøya Stord. Etter snart 20 år i arkivet er no avisa tilbake i digital form her på vår nye nettstad. Eller, det vil seie, i alle fall nokre utgåver. Det vert arbeida hardt for at dette arkivet skal verte komplett i nær framtid…

Me kan diverre ikkje love at frekvensen for oppdateringar vert særleg hyppig, men me har lyst å skape ein koseleg, alternativ, og innloggingsfri, nyhendesportal på nettet. I starten vil nok me ha hovudfokus på å fylle i arkivet frå våre tidlegare utgjevne papirutgåver*, men det vil etterkvart dukke opp ferskare nyhende primært frå Stord. Du skal ei heller ikkje sjå vekk i frå at det dukkar opp nyhende frå andre kantar… For deg som er glad i sport og kultur, skal me prøve å tilby oppdateringar innanfor dei felta òg.

*Til informasjon så har me i desse gamle artiklane òg behalde dei fine skriveleifane og den dårlege grammatikken ein fort har når ein er 12–13 år.

Fun fact

Me kan òg nemne at avisa kan skilta med å (uoffisielt) ha hatt den yngste redaktøren i verda då veslebror til Espen trådde inn i stillinga i ein alder av tre år!

Me er sosiale dyr

Me kan ikkje love at det er noko meir spennande på dei sosiale media, men besøk oss gjerne på Facebook, Twitter eller sjå bileta våre på Instagram.

Elektronisk post

Send oss gjerne ein fin e-post, eller bruk kontaktskjemaet under, om du har tips eller triks til saker me kan ha her på sida. Hendingar kan du sende inn gjennom skjemaet du finn her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Back to Top