Hovland og Tomrens popleksikon

Dato/Tid
Dato(ar) - 8. november 2019
20.00–21.30

Lokasjon
Bakeriet Frugård

Kategori


Det ligg an til ein spektakulær kveld på Arena når to av våre mest særprega personlegdomar i kvar sin sjanger – Ragnar Hovland og Bjørn Tomren – inviterer til ein svært personleg gjennomgang av høgdepunkt frå pop og rockhistorien. Tidlegare har dei fylt Cornerteateret to gonger på rad, og til overstrøymande tilbakemeldingar!

Ragnar Hovland og Bjørn Tomren (“Polka-Bjørn”) inviterer sine musikalske vener på scenen, og lovar innslag av både trekkspel, ukulele og strupesong når dei framfører klassikarar av blant andre: Johnny Cash, Whitney Houston, Ramones, Elvis Costello, The Animals, Pet Shop Boys. Velvet Underground og Kraftwerk. Med seg på scenen har dei eit eminent knippe musikarar: Anders Bitustøyl, Einar Sogstad, Heine Bugge, Åse Britt Reme Jakobsen og Hallvar Djupvik.

Arrangør: Falturiltu og Bakeriet Frugård
Foto: Skjalg Ekeland

Hending henta frå Facebook