IPX: Pump up the volume!

IPX: Pump up the volume!

Datatreffet IPX er nær like sikkert som at hausten kjem kvart år. Treffet vert arrangert i starten av haustferien, og i år utan nasjonale restriksjonar.

Endeleg er kvardagen tilbake til nær normalen. Det betyr mykje for arrangørane av datatreffet IPX på Stord. Arrangementet, som nok ein gong er å finna stad i nyehallen på Vikahaugane, kan i tillegg til å igjen fylle opp rad på rad med ungdommar med skjerm, også kan ta i mot besøkjande undervegs. Treffet startar om ei lita veke, laurdag 9. oktober og varer til tysdag 12. oktober.

40.000,- i premiepotten

Også i år er det lagt opp til diverse konkurransar, eller compos, under treffet. Her kan ein tevle enkeltvis, eller lagvis i spel som Fortnite, CS:GO, Fifa og Minecraft. I tillegg har dei ein eigen compo kalla IPX Hack It. I sistnemnte kan folk rett og slett tevla i å «hacke» seg gjennom diverse oppgåver.

Hack It er ein konkurranse i CTF-stil (Capture the Flag, red. anm.) der me lagar ein god del oppgåver der du på slutten av oppgåva finner eit «flagg» i form av tekst, fortel Andreas Kvalheim i IPX.

Han fortel vidare at ein etterpå skal leggje dette inn via nettstaden deira og får poeng basert på vanskelegheitsgrad. Oppgåvene kan innehalda alt frå «hacking», tenkning, kryptografi, til å finna QR-kodar som arrangørane kjem til å gøyme.

Totalt kan dei lokka med ein total premiepott på 40.000,-.

Mange lysande skjermar å finna under IPX. Foto: IPX Lan

Sjølv dei tunghøyrte skal få med seg alt

Med fare for å ta alle over ein kam her, så er det ei kjent sak at ungdom har ein tendens til å ha selektiv hørsel når det kjem til beskjedar frå sine føresette. Under datatreffet lovar imidlertig Andreas Dybvik i IPX følgjande:

– I år har me renovert det største PA-anlegget me har, og deltakarane har smørmjuk dunk-dunk lyd i vente!

Fortsatt ledige billettar

I skivande stund er det berre 9 billettar tilgjengeleg av totalt 200 på billettsida, så det er fortsatt håp om du vil nytte starten av haustferien til å game. Sjekk ut informasjonssida ipxlan.no, eller Facebook-sida deira for viktige oppdateringar.

Back to Top