Snø er sjeldan vare her på Vestlandet, men når den kjem i mengder som det har gjort siste veka, er det vanskeleg å kome over alle krikar og krokar i kommunen. Dette fekk Guro Nysæter erfare då ho skulle krysse Kårevikvegen tysdag ettermiddag i sin elektriske rullestol.
Brøytemannskapa, som har gjort ein formidabel innsats, hadde rett og slett ikkje fått brøyta ved denne overgangen. Guro Nysæter var uheldig å køyre seg fast i snøen. Hell i uhell kom to tilsette frå Engelsen Entreprenør køyrande forbi og visste råd.
Karane svinga bilen inn på busstogget i nærleiken, fann fram krafse og spade, og byrja å grave vekk snøen rundt rullestolen og gjorde vegen framkomeleg.
Ei smilande Guro utrykte stor takksemd over snarrådig innsats, og kunne etterkvart rulle vidare.
Dette kallar me nestekjærleik i praksis!
One thought on “Nestekjærleik i praksis”
Comments are closed.