Nestekjærleik i praksis

Nestekjærleik i praksis

Snø er sjeldan vare her på Vestlandet, men når den kjem i mengder som det har gjort siste veka, er det vanskeleg å kome over alle krikar og krokar i kommunen. Dette fekk Guro Nysæter erfare då ho skulle krysse Kårevikvegen tysdag ettermiddag i sin elektriske rullestol.

Brøytemannskapa, som har gjort ein formidabel innsats, hadde rett og slett ikkje fått brøyta ved denne overgangen. Guro Nysæter var uheldig å køyre seg fast i snøen. Hell i uhell kom to tilsette frå Engelsen Entreprenør køyrande forbi og visste råd.

Karane svinga bilen inn på busstogget i nærleiken, fann fram krafse og spade, og byrja å grave vekk snøen rundt rullestolen og gjorde vegen framkomeleg.

Ei smilande Guro utrykte stor takksemd over snarrådig innsats, og kunne etterkvart rulle vidare.

Dette kallar me nestekjærleik i praksis!

Karane jobba på med det dei hadde av tilgjengeleg reiskap. Foto: Renate Sjo Kvalheim
Ei takknemleg Guro Nysæter kunne smilande køyre vidare etter hjelpa ho fekk frå dei to tilsette i Engelsen Entreprenør. Foto: Renate Sjo Kvalheim
Back to Top