Langvarig frost til glede for store og små

Langvarig frost til glede for store og små

Etter over ei veke med frost og temperaturar langt under minus, er det mange vatn her på øya som er målt til å vere trygge å gå på. Dette har mange utnytta i helga.

Redaksjonen tok sjølv turen til Skjephaugsvatnet i dag laurdag etter rapportar om måling på 13 cm jevnt over heile vatnet.

Vel framme såg det ut til at fleire ville utnytte stålisen som den gode og langvarige frosten har skapt siste veka. Her var det ei mengd folk i alle aldrar, frå dei spede små til dei med fleire generasjonar på baken. Folk hadde med seg termosar med varm drikke, hockey-utstyr og stomkjøkken. Sola glimta ved sitt fråvêr i dag, men stemninga var likevel på topp.

Grunnen til at det var så mange på isen i dag, er nok kanskje fordi dette er siste sjanse til å gå på speilblank stålis denne sesongen. Det ser  nemleg diverre ut til at det skal kome noko variert nedbør dei neste dagane før det igjen frys til att ut i veka.

Tomt i hyllene

Nokre me snakka med hadde slitt veldig med å få tak i skeiser, noko me kan lese utifrå innlegg på blant anna Facebook og på Bladet Sunnhordland, er på grunn av at det i butikkane rett og slett er tomt i hyllene for alt av slikt utstyr.

Fekk du deg ein dag på isen?

Back to Top