Lita tue kunne ha velta stort lass

Lita tue kunne ha velta stort lass

Tue er kanskje feil ord, men det har i løpet av sommaren dukka opp eit mystisk hol i Hornelandsvegen som kunne ha velta eit større lass. No er det sjekka ut med Stord kommunalteknikk.

Strekninga har ein del trafikk, deriblant skulebussar og tungt landbruksmaskineri. Redaksjonen rapporterte difor til nevnte avdeling i kommunen, via nettenesta Fiks gata mi, om at denne opninga i asfalten virka litt for djup til å verte oversett. Få dagar seinare var det sperringar på plass, og denne veka har kommunalteknikk vore på staden og forhindra ei potensiell ulykke. Under vegen viste det seg nemleg eit større tomrom etter overvatn frå eit røyr og kumme på andre sida av vegen.

No håpar me berre på at det vert fortgang i avklaring og arbeid med den opprusta Hornelandsvegen med fortau, inkludert vatn og avlaup som også sårt treng fornying.

No har Stord kommunalteknikk vore på staden og fiksa utfordringa med overvatn.
Back to Top