Opning av Halsnøy Hinderløype

Opning av Halsnøy Hinderløype

Ikkje nok hinder i kvardagen, seier du? Fortvil ikkje! På Halsnøy i Kvinnherad veit dei råd!

Laurdag 15. august kl 13.00 er det nemleg offisiell opning av den nye hinderløypa på Røen på Halsnøy. Under opninga vil ein kunne få med seg oppvisning av HV si innsatsstyrke «Bjørn West», lokalt politi og idrettsfolk. I Sjøvangevågen vil ein få besøk av KV Tor. Konfransier Arne Torget vil leia opninga, og det vil verte halden loppemarknad, auksjon, i tillegg til trekning av lotteri med mange flotte gevinstar.

På deira Facebook-side står det at føremålet med utbygginga av løypa er å bidra til trivsel og god helse for fastbuande og ferierande. Vidare skriv dei at løypa vil verta nytta til rein trim- og treningsføremål.

I videoen under ser ein Bertine Kviteberg som gi ein liten smakebit på det ein vil få sjå under opninga:

Back to Top