Påskeforteljing

Påskeforteljing

Påska er på hell, men det er fortsatt tidsnok med ei kjekk lita påskeforteljing.

Det var ein gong ein hare som gjekk ein tur i skogen. Så møtte haren på ein engel. Engelen sa: «I påsken så skal du få lov å legge påskeegg». Haren blei skikkeleg overraska, plutseleg var engelen borte.

Haren tenkte: korleis kan ein hare leggje egg? Haren hoppa glad og fornøyd heile vegen heim til han stoppa heilt opp.

Neste dag skein sola heile dagen, og då såg han det. Det var eit stort hus som stod oppå huset hans. Han såg at han låg ved sida av 1000 påskeegg. Då visste han det, det var påske, og han har fått eit nytt namn, nemleg Påskeharen!

No gjekk han og opna eit egg. Han såg noko som han aldri har sett før som ligg i eit egg, nemleg smågodt. Ein time seinare gjekk han å gøymte egg , og då visste han at det i alle fall var påske. Han kjente det på seg. Han elska det.

Etterpå når han kom heim, såg han ein kylling. Han sa «Hei!», og spurde om han ville ha eit påskeegg. Kyllingen sa ja, og han vil og bli kalla Påskekyllingen. Etterkvart blei han og påskekyllingen ein familie på to.

OG SNIPP SNAPP PÅSKE SÅ VAR DETTE SLUTT.

 

Back to Top