Kvifor gå over bekken etter ein peparkakeby?

Kvifor gå over bekken etter ein peparkakeby?

For 15. gong kan du vitje peparkakebyen på Leirvik.

Nok ein gong har Stord Røde Kors fått lokale hender, i blant anna barnehagane rundtom, til å gi bidrag til peparkakebyen deira i Borggata 7. Dei har òg sal av handarbeid i tillegg til eit minilotteri, med trekking før jul.

Sjølv om opninga var det 23. november, kan du fortsatt få med deg byggverka som er komen på plass i år. Denne veka har dei opent frå i dag til og med laurdag frå kl. 10 til kl. 16. Torsdag er det opent heilt til kl. 18.

Back to Top