Kven søkjer skogens ro?

Kven søkjer skogens ro?

Sommar er festivaltid, men kva festival som føregår i skogen i nærleiken av Friarkvilet, er uvisst…

Jau, det er snakk om ein aldri så liten agurknyhend som kjem her no. Men, underteikna har i lengre tid på si vandring til og frå Heiane vorte vitne til denne installasjonen i skogen bak Friarkvilet. Er det satt opp for å vise inngongsporten til ein skogsfestival? Og kva er i såfall namnet? «Skogens ro»? Ikkje veit me…

Anleggsarbeid?

Det me veit, er at det vert utført arbeid i Langelandsåsen av Stord anlegg, eller Kannelønning maskin, som kan ha noko med saka å gjere. Om dette er noko som er satt opp for å sperra skogstien for ferdsel, bør plasseringa justerast. Slik det står no innbyr det imidlertid til å utforske åsen.

Så, dei som evt. kjenner kallet for å finne skogens ro, er dei herved tipsa!

God sommar!

Back to Top