Showkonsert med innlagt mystikk

Showkonsert med innlagt mystikk

Måndag 3. juni hadde Langeland skulekorps showkonsert med noko attåt.

Trass i berre 10-12 grader utandørs, skapte korpset god sommarstemning i Parken, aulaen inne i nye Stord ungdomsskule på Vikahaugane.

Dirigent Paul Hughes losa dei sommarfestkledde korpsmusikantane gjennom fleire kjente låtar. Her fekk me høyra blant anna The Power of Love, Tanta til Beate og temamusikk frå filmane Vaiana og Ghostbusters. Under sistnemde låt dukka det også opp skumle saker blant publikum, til gruglede for dei langt over 100 frammøtte!

Undervegs var det mellom innslaga også utdeling av merker for fem, sju og ti års teneste til nokre av musikarane. Me gratulerer!

Det var òg sal av kaffi, saft, kaker, boller og lodd til inntekt for korpset, der det vart trekking på tampen.

Mystiske ting dukka opp under filmlåta til Ghostbusters. Foto: Madel Kvalheim
Back to Top