Sommarlege tonar frå barnemunn

Sommarlege tonar frå barnemunn

Førre veke hadde barnekoret Levande Lys si sommaravslutning i Parken på Leirvik.

Barnekoret Levande Lys er eit kor for ALLE barn i alderen fire år til 4. klasse — sånn cirka. Barnekoret som vart 40 år i 2016 plar ha øving annankvar måndag i Leirvik Bedehus, men førre veke, måndag 13. mai, var det duka for sommaravslutning. Då tok dei med seg lydutstyr og leikar ut i det fri, og opp i Parken på Leirvik.

– Det var jo så fint vêr!, fortalde leiar og dirigent Reidun Teistedal Dyrøy frå scena til dei mange søsken, foreldre, besteforeldre, oldeforeldre og andre som hadde møtt opp.

Borna kasta ball og traff blink.

Barna song gjennom mange av deira vanlege songar, og nokre nye dei har lært no i vårsemesteret. Etterkvart fekk dei også med seg alle i benkeradane på «Fem hopp stopp» — ein leik der ein skal få alle i bevegelse.

Etter konserten var over, vart det utlevering av blomekvastar, og servert kaker, saft og kaffi til alle. Barna fekk prøve seg på å kaste ball på blink, der premien var diverse godteri. ALLE vart vinnarar.

Ein koseleg avslutning på ein fin kor-vår!

Mange hadde møtt fram til sommaravslutninga.
Back to Top