På lag med sunne verdiar

På lag med sunne verdiar

I helga var det igjen tid for den årlege fotballcupen Eat Move Sleep i regi av Solid Idrettslag.

Hustrudalen er ofte lunefull når det kjem til vêret, og plar vere krass i både temperatur og vind. Denne helga var det (nesten) rake motsetnaden. Cupen vert omtala som vårens vakraste eventyr, og det kan me skrive under på i høve årets utgåve.

Til glede for dei opp mot 1000 deltakarane skein sola på laurdagen og fekk lett opp stemninga på Nysæter Idrettsplass. Sundagen starta noko friskt med lågt skoddetrekk, men tilskodarane troppa opp i hopetal begge dagane.

Nydeleg vårvêr under årets utgåve av fotballcupen Eat Move Sleep.

Fokus på sunne matvanar

Nyleg vart Solid fotball sertifisert kvalitetsklubb på nivå ein, altså eit godt rammeverk å drive klubben etter. Dette viste godt att på arrangementet. Trass i så mange lag vart kampoppsettet satt, og annonsert, etter boka. Slik kunne alle deltakarane, og dei som hang på, raskt kunne finne fram på området og riktig bane.

Bama er ein av dei som står bak konseptet Eat Move Sleep. Dette viste att både på og utafor banen. Dei forskjellige fotballbanane var merka med frukt, grønnsaket og fisk i staden for dei vanlege tala. Dette er nok både for å gjere det enkelt for dei små (og kanskje vaksne) å hugse, men det har nok noko med å bevisstgjering av sunne matvarer å gjere.

I tillegg kunne ein finne boder som solgte smoothies og fruktbeger rundtomkring.

Fotball – og litt attåt

Footballfreestyleren Tobias Becs underheldt.

For dei som hadde litt ekstra tid før og etter kamp, kunne deltakarane få delta på ein «quiz» som tok opp temaet berekraft og sunne matvanar. Ved ein av stasjonane kunne dei smake på diverse grønsaker og stemma på deira favoritt.

I år, som tidlegare år, kom Tobias Becs for å opptre frå scena. Fotball-freestyleren er fire ganger verdensmester, europamester og er norsk mester fra 2012 til 2015, og imponerte nok ein gong dei mange unge.

Vel gjennomført!

Back to Top