Bambi på isen i dag?

Bambi på isen i dag?

Etter dei varierte vêromslaga den siste veka, sit me att med eit relativt glatt underlag både her og der. Du er nok ikkje åleine om å kjenne deg som Bambi på isen i dag!

Hovudvegane er stort sett frie for både is og vatn, men når ein bevegar seg inn på alle sidevegar, gangvegar og tilogmed grasbakkar rundtom, ja då må ein passe meir på.

Bladet Sunnhordland kan melde frå legevakten om få skadar, men med eit slik føre me har på mange stader, skulle ein tru at dette talet kanskje vil auke. Ein skal difor ikkje undervurdere bruke av brodder under skoa i desse dagar!

Ekstra skummelt om snøen kjem

Om vêrvarslinga som YR.no melder for Stord slår til i natt og påfølgjande dagar, då kan det verte ekstra skummelt å vandre utandørs. Det er nemleg meldt om ein del nedbør i form av snø.

​Me kryssar fingrane for at alle held seg på beina og at lårhalsen får halde helsa!

Back to Top