Plantekviskrarane

Plantekviskrarane

Har du nokon gong tenkt på at planter kan skape melodi? Den svensk-norske kunstnar- og musikarduoen Lerin / Hystad er i desse dagar aktuelle med både utstilling og album der planter er i fokus.

Bak samarbeidsprosjektet Lerin / Hystad står ekteparet Simon Torssell Lerin frå Sunnemo i Sverige og Bettina Hvidevold Hystad frå Stord. Me har fått nokre ord med Bettina om arbeidet deira og kva som står på plakaten for dei.

I samarbeidet deira, som starta i 2010, har dei på ulike måtar utforska møtepunktet mellom biletkunst og musikk. Ein tur innom nettstaden deira viser at paret ikkje akkurat har vore på ein kvileheim desse åtte åra. Dei har jobba med ei mengde prosjekt, som både har resultert i utstillingar som inneheld bilete, installasjon og lyd, og som musikkutgivingar i form av album som dei har turnert med.

No i november er dei aktuelle med ein eigen utstilling i Spriten Kunsthall i Skien og skal ut med nytt album i neste månad.

Bettina Hvidevold Hystad og Simon Torssell Lerin har vore aktive i snart eit tiår med utforsking av møtepunktet mellom biletkunst og musikk.

Planter og Ibsen

– Kvifor akkurat Skien?

– Me har dette året vært så heldige at me har fått Skien kommune sitt kunstnarstipend, eit stipend som inneberer eitt års opphald i Henrik Ibsen sin barndomsheim på Snipetorp, i tillegg til atelier på Spriten Kunsthall, opnar Hystad.

Som ein del av dette stipendet stiller dei altså no ut i kunsthallen i Skien, med eit ein audiovisuell installasjon kalla «Elektronisk Flora – Telemark».

– Lyd har alltid vert med i utstillingane våre, men utstillinga på Spriten er den første der me jobbar med ein romsleg installasjon me video, lyd og teikning. Dette er eit format me ynskjer å fortsetja med då me er interessert i å skape utstillingar som vert som univers som ein som publikum vert invitert inn i.

Tanken bak å flytta til Skien var at dei ville finne lyden av staden, samt at dei ville nytta seg av planter sine biorytmar som ein medkompositør i deira skaparprosess. Til utstillinga valte dei å ta utgangspunkt i eit maleri frå Skien kommune sin kunstsamling som til dagleg heng i kommunehuset, «Frå Kviteseid» malt av Thorvald Erichsen i år 1900.

– Me reiste opp til Kviteseid for å finne staden der Thorvald malte dette måleriet og reiste deretter vidare inn i dette landskapet. Der dokumenterte me 10 ulike planter. Plantene er dokumentert ved hjelp av opptak av deira biorytmar, og denne dataen nyttar me saman med ein modulærsynthesizer for å skapa lydverk og i redigeringa av «videoportrett» av plantene.

– Biorytmar og modulærsynthesizer. Korleis fungerer dette?

Lerin / Hystad nyttar GSR-sensorar (elektrodar) til å fange signal til deira musikk/lydbilete.

– Biorytmar er eit svakt elektronisk signal som ein finn inne i alle levande organismar og ved hjelp av GSR-sensorar (elektrodar, red. anm.) gjer me opptak av desse. Me nyttar oss av ein modul som omsetjar desse signala til MIDI-data, som me sender inn i ein modulærsynthesizer og me setter på denne måten lyd på signala, forklarar Bettina.

Ho fortel vidare at det er planta sine signal som bestemmer rytme, tonehøgda og melodien, medan det er dei sjølv som bestemmer kva lyd dei legg på desse signala.

– Komposisjonane vert på denne måten eit samarbeid mellom oss og plantene, og teknologien me nyttar fungerer som ein tolk mellom oss.

– Kva meir kan ein finne i utstillinga?

– Me lagar også detaljerte teiknestudiar av plantene, dette er ein referanse til korleis me historisk har dokumentert naturen rundt oss. I utstillinga er det fire videoverk med lydverk som representerer fire av desse ti plantene me sokumenterte. Saman skapar dei ein audiovisuell installasjon i rommet som endrar seg etter kvar ein står i rommet.

Teikningane er utstilt i montere og på veggen heng Thorvald sitt maleri. Verket deira vert som ein «moderne» tolking av det same landskapet Thorvald malte for over 100 år sidan.

Utstillinga står ut denne veka, til og med laurdag 24. november.

På reis gjennom lyden av by og natur

Lerin / Hystad skapar òg musikk saman, og har allereie gitt ut fem album. Albuma deira tek utgangspunkt i stadar eller miljø dei har opphalde seg i.

«Damo Suzuki’s Network». Fylkingen, Stockholm i 2013.

Det første albumet deira er ei live-innspeling av ein improvisasjonskonsert dei gjorde saman med den legendariske krautrock-songaren og improvisatoren Damo Suzuki. Dette kom ut i ein boks saman med ein biografi som dei skreiv om Damo si fortid på den svenske landsbygda og hans pågåande prosjekt «Damo Suzuki’s Network» der han reiser verda rundt og improviserer med nye musikarar på kvar konsert.

– Me nyttar oss ofte av feltopptak frå byar eller natur som eit startpunkt og inspirasjonskjelde. Dette er nok også grunnen til at lydbilete og sjanger på utgivingane våre kan vera ganske ulike. Her har me vert inspirert av sjangrar som jazz, rock, støy, elektronika og pop, utdjupar Hystad.

Det andre albumet deira «Mount Buzhou» er eit resultat av eit kunstnaropphald i Kunming i sør-Kina. Ho fortel at i løpet av dei to månadane dei budde i byen hadde dei nesten daglege turar til parken «Greenlake park» for å gjere opptak av pensjonistar som framførde tradisjonell kinesisk musikk.

– Dette lydmaterialet har me seinare klippa, sampla og bygd komposisjonar utifrå. Alle våre album kjem også med videoverk som me nyttar både som musikkvideoar og bakteppe under våre framføringar. Publikum blir på denne måten invitert inn i ein audiovisuell reise saman med oss.

Vidare får me vite at albumet «Amaterasu» er inspirert av Japan, «Svartvatnet» av Lofoten, «Creatures of the Deep» av havet og deira kommande album kalla «Starmap» er inspirert av planter sine biorytmar.

Her frå ei framføring i Brussel i 2015. Foto: Chamo

Musikalsk stjernekart

De gir ut eit sjette album, kalla «Starmap», inspirert av biorytmar, og på Facebook kan me lese at de på dette prøver noko anna heilt nytt?

– Ja, vårt nye album som me slepp under ein live-konsert på Spriten Kunsthall 6. desember er det første albumet der me nyttar oss av song. Som tidlegare nemnd har me i andre album nytta oss av feltopptak som utgangspunkt, og i dette albumet har me nytta oss av planter sine biorytmar.

Om prosessen får me vite at plantene skapar melodiar og komposisjonar som dei klipper ut, samplar og bygger låtane utifrå.

– Det som er spennande med desse biorytmane er at dei skaper melodiar som er heilt fritatt frå våre tradisjonelle skalaer og tradisjonar for melodioppbygning. Slik skapar dei heilt fritt og det vert ofte spennande og vakre små melodiar. Desse plukkar me ut og jobbar vidare med, fortel ho.

Her er musikkvideoen av fyrste spor på plata, Taken To The Skies:

Kvar framføring er unik

Korleis fungerar denne biorytme-teknikken live? Det må jo vere utfordrande?

– Improvisasjonsmusikk er ein viktig del av vår praksis. Me har tidelegare spelt fleire konsertar med Damo Suzuki der konseptet er slik at ein sett saman ei gruppe musikantar som ikkje får planlegge noko før dei går på scena. Alt skjer der og då. Plantene som me har med oss på scena i konsertar «tvingar oss» til improvisasjon, i og med at me aldri veit kva signal dei sender før me står der, fortel Bettina.

– Det er dette me finn spennande med dei i live-framføringar. Det vert forhåpentlegvis eit dynamisk og spennande lydlandskap der me samarbeider med plantene om å skape musikken publikum opplev. Det vert ein unik komposisjon me ikkje kan øve inn på forhand eller gjenskape i ettertid.

Big in Japan

De har turnert ein del, inkludert Japan og Kina. Kva førte dykk til denne delen av kloden?

– Dei to fyrste albuma våre er jo basert på feltopptak som me fanga under kunstnaropphalda me hadde i Kina og Japan. Me fant det difor spennande å reise tilbake på turné for å framføre desse albuma der.

Eg ser at de ved fleire høve har vitja Japan for å framføre dykkar musikalske verk?

– Japan er det landet me stadig reiser tilbake til, dette er fordi landet har ein spennande scene for eksperimentell musikk.

Etterkvart har dei bygd seg opp eit nettverk der med kontaktar, venner og nokre trufaste fans som kjem på konsertane deira.

– Me er også veldig fasinert av den japanske kulturen og etter eit kunstnaropphald der me budde i Kyoto i tre månader, føler me at det er litt som å komme heim når me reiser tilbake, melder Hystad.

 

Tilbake til sommarøya Stord?

Trass travle tider med både utstilling i Skien og plateslepp, har dei allereie nye utstillingar og konsertar i tankane.

– Det ligg ein del planar om prosjekt og utstillingar i framtida, men her er mesteparten ikkje offentleggjort enda.

Ho kan likevel lette litt på sløret og seier at både Telemark, Vestlandet og Varmland kan venta seg både utstillings- og performancar dei neste åra.

– Du nemner Vestlandet. De hadde jo ein utstilling på Stord i 2017, så kan heimstaden din vere ein aktuell stad for konsertar eller utstilling på eit tidspunkt?

– Det er ingen planlagde konserter eller utstillingar på Stord i framtida, men det er absolutt interessant å få til noko her igjen, avsluttar Bettina Hvidevold Hystad.

Back to Top