Klart for ny løpsfest i 2019

Klart for ny løpsfest i 2019

Etter uventa suksess med løpsarrangementet i Leirvik sentrum i fjor, kan me no melde oss på ein ny runde med Sunnhordland Maraton 4. mai 2019!

– Me hadde vel tenkt oss 200–300 deltakarar, men me enda på 617 påmeldte, av desse var det 515 som fullførte løpet, skriv Reidar Nesse i Stord Friidrett i ein e-post til oss.

I tillegg var det over 200 som deltok i barneløpet. Dermed går dei sterkt ut og håpar på i overkant av 1 000 deltakarar til neste år. Påmeldinga til løpshendinga opna i dag.

Løyper som i fjor

Her er løypekartet frå i fjor. I år vert det eit 5 km løp i tillegg.

Det vert stort sett same gode opplegg som i fjor, med eit unnatak. I 2019 legg dei nemleg inn eit løp med ein distanse på 5 km.

– Dette er for å trekkje til oss yngre løparar under 15 år, i tillegg til alle dei som ikkje vågar seg på ein 10 km, skriv Nesse vidare.

Alle løpa får, som i år, start i Leirvik sentrum. Løypa til 5 km vert annonsert seinare, ellers er det som sist:

  • 10 km startar lengst nede i Borggata ved Sparebanken Vest og har to korte rundar i sentrum før ein spring nordover mot Ådlandsvatnet. Målgang når ein er tilbake i sentrum.
  • Halvmaraton startar litt lengre oppe i Borggata, ved Reisebyrået/Smio. Så spring ein nordover ein runde rundt Ådlandsvatnet, tilbake til sentrum og ein runde sørover Landåsen/Skiphaugen og tilbake til mål i sentrum.
  • Heilmaraton startar øvst i Borggata og ein spring to fulle rundar av halvmaraton-distansen.

Rundt Ådlandsvatnet og i Landåsen/Skiphaugen går løypa på turvegar med grus. Resten av løypa er asfalt. Om lag 2/3 av løypa er difor på grus.

Barneløp

I tillegg vert det arrangert barneløp også til neste år. Det er ikkje førehandspåmelding til dette. Her må ein berre møte opp på Torget om morgonen for utdeling av startnummer.

Her frå oppvarminga før barneløpet.

Barna spring ein runde ned Borggata, bort Nattrutekaien og opp Nordre Kaisving. Mål er øverst i Nordre Kaisving. Alle deltakarar får medalje.

Mange i sving

Stord Friidrett er ei lita gruppe med få, men veldig engasjerte medlemmer. Likevel hadde dei i sving om lag 70 personar i arbeid frå eigne rekkjer. Ute i løypa hadde dei god hjelp av seniorgruppa i Turlaget, Stord Sykkelklubb, Stord/Fitjar Røde Kors og fleire andre frivillige.

I planleggjingsfasen i år var dei berre nokre få frå styret i friidrettsgruppa, noko som gjorde at arbeidet vart litt meir krevande enn forventa. Dei har difor gjort ein liten endring i planleggjingsfasen foran neste års løp.

– Me har no deltidstilsett vår eminente hinderløpar, finalist i årets EM, Tom Erling Kårbø, og han vil få hovudansvaret i planleggjingsfasen, avsluttar Reidar Nesse.

Klar?

Om du allereie er klar, kan du melde deg på via EQTiming her. Underteikna har allereie meldt seg på! Kanskje det dukkar opp ein konkurranse frå redaksjonen si side når det nærmar seg?

Back to Top